Kort fortalt

LO seier nei til flypassasjeravgift

Fryktar negative konsekvensar for distrikta.

22.02.2016
ID: 12035666
(NPK-NTB): Flypassasjeravgifta vil få store konsekvensar for rutetilbodet i distrikta, åtvarar LO. Finansminister Siv Jensen (Frp) seier dei mange kritiske høyringsutsegnene vil bli nøye vurderte.
– Luftfart er kollektivtransport for store delar av Distrikts-Noreg. Eit godt rutetilbod er avgjerande for næringsliv og busetjingsmønster mange stader i landet vårt, seier førstesekretær Peggy Hessen Følsvik i LO.
Den største arbeidsgivarorganisasjonen i landet meiner flypassasjeravgifta som dei fire borgarlege partia vart einige om under budsjettforhandlingane på Stortinget, vil kunne føre til ei rekke oppseiingar.
Høyringsutsegna som vart vedtatt av LO-sekretariatet måndag, hevdar dessutan at den foreslåtte avgifta har tvilsam klimaeffekt.
– Vi er ikkje mot miljøavgifter innan luftfartsområdet, men då må vi vere sikker på at effekten er større, seier Følsvik.
Høyringsrunden om flypassasjeravgifta er avslutta. Finansminister Siv Jensen (Frp) seier Skattedirektoratet no vil lage eit forslag til forskrift.
– Finansdepartementet vil gjere ei grundig vurdering av høyringsutsegnene og tilrådinga frå direktoratet før forskrifta vert vedteken. Dette vil skje så snart som mogleg og i god tid før innføring av avgifta, seier ho.
Budsjettavtalen på Stortinget legg opp til at avgifta vert innført 1. april, og det er framleis utgangspunktet til regjeringa. (©NPK)

Publisert: 22.02.2016 20:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48