Kort fortalt

Lokalpolitikarane har fått mindre makt

Kan vere eit demokratisk problem

NPK
22.01.2025

(NPK): Mens kommunedirektørar landet rundt dei siste tjue åra har fått bestemme meir over pengebruken, har lokalpolitikarane mista tilsvarande økonomisk makt, viser ny rapport.

– Det har skjedd eit tydeleg skifte i kven som har makt over budsjettprosessen i norske kommunar.

Det seier seniorforskar Sveinung Legard ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR på OsloMet til Forskning.no

Han er ansvarleg for den nye utgåva av Organisasjonsdatabasen , som mellom anna viser at i 82 prosent av norske kommunar er det administrasjon og kommunedirektør som kontrollerer budsjettprosessen.

I berre åtte prosent av kommunane er det lokalpolitikarane sjølv som har kontrollen.

– Det står i sterk kontrast til korleis det var på byrjinga av 2000-talet. Då var andelen kommunar der administrasjon og folkevalde kontrollerte budsjettprosessen likare fordelte, seier Legard.

Han meiner det kan vere eit demokratisk problem.

– Vi liker gjerne å tenke på kommunane som institusjonar som blir styrte av folkevalde politikarar. Men i motsetning til finansministeren på nasjonalt nivå er ikkje kommunedirektøren folkevald, seier han.

(©NPK)

Publisert: 22.01.2025 14:37

Sist oppdatert: 22.01.2025 14:37

Mer om