(NPK-NTB): Diskusjonen om EUs fjerde energimarknadspakke har spissa seg til på begge sider i politikken.
Høgre og venstre vil stemmer for energipakken, FrP og Sp imot.
– Det må ikkje vere nokon som helst tvil. Senterpartiet kjem ikkje til å vere med å stemme gjennom den fjerde energipakken. Det handlar om at den pakken er med på å integrere oss meir med EU i kraftpolitikken og gir meir ustabile straumprisar.
Det sa stortingsrepresentant Aleksander Øren Heen (Sp) til NRK i Politisk kvarter onsdag morgon.
Utspelet kjem etter at partikollega Sandra Borch stilte krav om at partileiar Trygve Slagsvold Vedum må stille ultimatum til statsminister Jonas Gahr Støre om straumprispolitikken.
Ber om ultimatum
Borch hevdar å ha stortingsgruppa i ryggen og åtvarar om eit potensielt grasrotopprør i partiet dersom krava ikkje møtest.
Heen stadfestar at stortingsgruppa har diskutert saka, men at eit endeleg vedtak ikkje er landa.
På spørsmål om partileiinga er samd med Borch om at Sp går ut av regjering dersom Ap pressar gjennom EU-pakken, svarer han dette:
– Eg trur det er rimeleg klart for både Vedum og Marit Arnstad at dette er ei svært alvorleg sak som gjer at det ikkje er mykje å skli på i forhandlingar med Arbeidarpartiet.
Borgarleg kaos
Men usemja er ikkje mindre på borgarleg side i konflikten om EUs fjerde energipakke. Venstre og Høgre har begge sagt at dei vil stemme for EU-pakken før valet.
Framstegspartiet, som på fleire målingar no er Noregs største parti, har på si side sett foten ned.
Venstres nestleiar Sveinung Rotevatn seier han trur Noreg kjem til å hamne i ein skvis dersom det blir tollkrig mellom USA og EU, noko den amerikanske presidenten Donald Trump sterkt har signalisert.
– Hovudpoenget er at vi no treng venner i Europa. Vi treng ikkje å setje masse konfliktar på spissen, slik Senterpartiet no ønskjer, sa han i Politisk kvarter.
Frp samd med Sp
Venstre-nestleiaren håpar på mindre kaos på borgarleg side, men Frps nestleiar Hans Andreas Limi er på si side tydeleg på at partiet er imot energipakken.
– I denne saka er jo Framstegspartiet veldig samd med Senterpartiets standpunkt og støttar den motstanden dei no viser mot EUs fjerde energimarknadspakke.
Han seier at av omsyn til valet i haust, vil ikkje Frp stille noko ultimatum om energipakken no.
(©NTB)
Publisert: 22.01.2025 13:38
Sist oppdatert: 22.01.2025 13:44