(NPK): Under halvparten av dei om lag 1.100 kystfiskefartøya som sidan februar i år har hatt plikt til å melde inn fangstar via Fiskeridirektoratets kystfiskeapp, har tatt han i bruk. No lokkar direktoratet med eigen nettbrettversjon av programmet.
Kystfiskeappen erstatta frå 1. februar i år den tradisjonelle fangstdagboka, men handhevinga av nyordninga har i første omgang vore meir mjuk. Frå 1. februar 2016 er det derimot alvor. Da lover Fiskeridirektoratet å handheve kravet om å sende landingsmeldingar elektronisk.
– Fiskeridirektoratet har i den perioden som har gått, oppmoda fiskarane til å registrere seg, ta kystfiskeappen i bruk og leggje seg til gode rutinar. Vi kan framleis hjelpe til med dette, men det er først og fremst fiskarane som har ansvaret for å setje seg inn i og følgje forskrifta, seier seksjonssjef Thord Monsen i Fiskeridirektoratet.
Per desember har 628 fartøy enno ikkje registrert seg som kystfiskeapp-brukarar. (©NPK)

Publisert: 22.12.2015 14:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49