Dag Inge Ulstein foto marius
NYTT FORSLAG: KrF-leiar Dag Inge Ulstein legg eit nytt skatteforslag på bordet. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Lokkar med skattefrådrag for å få fleire barn

KrF med nytt forslag.

18.03.2025

(NPK-NTB): Kristeleg Folkeparti vil bruke store skattefrådrag for å få nordmenn til å få fleire barn. Partileiar Dag Inge Ulstein foreslår eit skattefrådrag på inntil 200.000 kroner for trebarnsforeldre.

– Økonomi burde ikkje vera det som hindrar deg frå å få barn, seier Ulstein til Stavanger Aftenblad.

KrF-leiaren ønskjer eit årleg skattefrådrag på 50.000 kroner per barn for dei to første barna, og 100.000 kroner årleg for barn nummer tre.

Dimed kan foreldre med tre barn trekkja frå opptil 200.000 kroner på skatten kvart år. I praksis betyr det at om du tener 700.000 kroner og har tre barn, vil inntektsskatten din bereknast som om du tente 500.000 kroner.

– Me ønskjer å auka insentiva, samtidig som me fjernar byråkratiet, seier Ulstein, som lanserer forslaget før KrFs landsmøte i april.

Han avviser at forslaget gjer barn til økonomiske investeringsobjekt.

– Barn har ein enorm eigenverdi. Mange unge par seier dei ønskjer seg ein meir føreseieleg økonomi før dei får barn, seier Ulstein.

På spørsmål om ikkje politikarar bør halda seg unna folks private val om familie, svarer KrF-leiaren:

– Mange har komme med halvmorosame bodskap om at folk bør «ligge mer», men det er politikken som avgjer. Me ønskjer å gjera det enklare økonomisk å stifta familie.

(©NPK)

Publisert: 18.03.2025 09:26

Sist oppdatert: 18.03.2025 09:26