Kort fortalt

Lovar fleire straumkrisetiltak

Dei høge straumprisane og den usikre kraftsituasjonen er krevjande, seier regjeringa.

03.10.2022

Regjeringa lovar fleire tiltak for å få bukt med situasjonen.

– Situasjonen med svært høge straumprisar og ein usikker kraftsituasjon er krevjande. Regjeringa har teke fleire grep for å redusere straumkostnadene i hushalda og for å komme landbruket, frivilligheita og bedrifter til unnsetning. Regjeringa vil halde fram med tiltak for å tryggje kraftforsyninga, sa kong Harald i trontalen på vegner av regjeringa under stortingsopninga.

– Regjeringa har også sett i gang fleire utgreiingar for å følgje opp kraftsituasjonen og redusere risikoen for liknande situasjonar kommande år. Tilgang på rein og rimeleg kraft skal vere eit fortrinn for folk og bedrifter i Noreg, også i framtida, sa han vidare.

Publisert: 03.10.2022 15:00

Sist oppdatert: 03.10.2022 15:01

Mer om