NPK-NTB: – Eg kjem til å gjere alt eg kan, saman med regjeringa, for å forhindre at den typen forslag blir vedtekne, seier energiminister Terje Aasland (Ap) til Nationen.
Dei siste dagane har fleire reagert på eit nytt forslag frå EU om å innføre ei avgift på 25 prosent av flaskehalsinntektene, altså profitten nettselskapa får når straum blir frakta mellom område med ulike straumprisar. I 2025 var Noregs flaskehalsinntekter på over 12 milliardar kroner.
Forslaget er del av EUs nettpakke, som framleis er til politisk behandling i EU.
Publisert: 03.03.2026 07:41
Sist oppdatert: 03.03.2026 07:41





