Lover ikkje straumstøtte til bedriftene
Men finansministeren varslar fleire grep.
(NPK-NTB): Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kunne ikkje love Stortinget noka straumstøtte til næringslivet, men varslar fleire grep for å kutte straumkostnadene.
I Stortingets spørjetime onsdag etterlyste Tina Bru (H) straumstøtte til næringslivet, utover støtta til landbruket og veksthusbransjen.
– Vi har ikkje høyrt noko om kva regjeringa vil gjere for dei mange bedriftene i dette landet som no ser dei faste kostnadene sine auke langt over normalen på grunn av straumprisane. Dette kjem jo på toppen av to vanskelege år med pandemi, sa Bru.
Vedum påpeika at regjeringa alt har kutta 3 milliardar kroner i elavgifta, men at dette grepet vart kritisert av Bru.
Sjølv om Vedum ikkje ville love noka eiga straumstøtte til næringslivet, lova han at regjeringa vil jobbe for å få straumkostnadene ytterlegare ned.
– Vi har varsla både i regjeringserklæringa og i statsbudsjettet at vi vil gjere grep for å få kostnadene ned, mellom anna med avgiftslette, sa han.
(©NPK)
Publisert: 09.02.2022 10:55
Sist oppdatert: 09.02.2022 10:57