Den enorme prisskilnaden held fram
Onsdag er det ti gongar dyrare straum i Sør-Norge enn i elles av landet. Regjeringa lovar meir støtte.
(NETT NO-NPK-NTB): Ferske tal frå Statnett viser at elspotprisen på Nordvestlandet onsdag er på 12,91 øre per kilowatt-time. I sør-Norge og aust-Norge er prisen 127,11 øre kWh, nesten ei tidobling.
I tillegg til spotprisen kjem nettleige og avgifter.
Tigangaren i prisskilnad har vorte gjengangaren, noko som blant anna har ført til at Statnett no vil framskunde arbeidet med å betre linjenettet frå resten av landet til sør-Norge. Dette vil føre til prisutjamning.
I praksis vil det seie lavare prisar i sør-Norge og høgare prisar der straumprisen i dag er lav.
– Høge straumprisar treffer skeivt og rammar sosialt urettferdig. Dei skal ha tryggleik for at vi stiller opp, seier Støre til VG.
Forventar ingen rask reduksjon
Regjeringas straumstøtte varer i utgangspunktet fram til mars, men straumkrisa kjem til å vare i lengre tid, viser prognosane til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
– Vi må vere førebudde på at straumprisane kan komme til å halde seg høge gjennom dette året, sa NVE-direktør direktør Kjetil Lund til E24 måndag.
Regjeringa har tidlegare stadfesta at ho vil stille opp med meir straumstøtte dersom situasjonen med ekstraordinært høge straumprisar held fram.
– Det vi no har gjort, er å lage ei ordning som vi har sagt skal gå ut mars. Deretter vil vi evaluere og sjå korleis ho har fungert og kva som eventuelt kan forbetrast. Men folk skal vite at vi vil stille opp om folk hamnar i same situasjon neste vinter, seier Støre.
Folk skal vite at vi vil stille opp om folk hamnar i same situasjon neste vinter
Straumstøtte til landbruket
Tysdag vart Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV samde om ei mellombels straumstøtteordning for landbruket.
Støtteordninga til jordbruks- og veksthusnæringa har som mål å kunne utbetale støtte i andre halvdel av februar 2022.
Ordninga er basert på prinsippa i straumstønadsordninga for hushalda, men med eit vesentleg høgare tak for straumbruken for jordbruket og utan tak for veksthus, opplyser dei tre partia i ei pressemelding.
Forslaget inneber ei ekstraløyving på 500 millionar kroner.
Venstre-forslag
Venstre har på si side foreslptt å innføre ei kommunal straumstøtteordning slik at mindre bedrifter òg skal få ekstra støtte til å betale straumutgiftene sine.
– Det er flott at landbruket får støtte, men absolutt ingen logikk i at andre små og mellomstore bedrifter som også slit med høgt straumforbruk, ikkje får støtte – til dømes bakeri, sagbruk, vaskeri og mange små industribedrifter landet rundt, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo i Venstre til E24.
Trege til å kutte
Trass dei svært høge straumprisane i sør, viser eit forskingsprosjekt frå Statnett at kundane kutta straumforbruket med berre 2-3 prosent etter at dei fekk beskjed om at straumen var dyr.
Opp mot 5.000 hushald i Oslo, Trondheim, Bergen, Stavanger, Tromsø og Bodø fekk kunstige straumprisar dei kunne velje å reagere på.
Halvparten av dei reagerte på prisen og reduserte forbruket, medan den andre halvparten ikkje brydde seg, skriv Europower.
Denne undersøkinga vart gjennomført i 2019 og 2020, før straumprisane nådde rekordnivå siste halvår i 2021, påpeikar Europower.
Det var først og fremst elektrisk oppvarming og kvitevarer som vart justerte i takt med straumprisen: 78 prosent flytta bruk av oppvask- eller vaskemaskina til andre timar, 49 prosent senka innetemperaturen, 43 prosent flytta bruk av tørketrommel, 22 prosent flytta matlaginga, og 16 prosent lada elbilen på eit anna tidspunkt, medan berre 1 prosent lada elbilen oftare andre stader enn heime.
Publisert: 09.02.2022 09:24
Sist oppdatert: 09.02.2022 10:58