Kort fortalt

Lysbakken lovar skattesjokk for dei rike

Men gratis SFO og billegare tannhelse.

23.04.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes) SVs partileiar Audun Lysbakken går til val på billigare tannlege, gratis SFO – og høgare skatt for dei rike.

– Festen til dei rike er snart slutt.

Det var spådommen til partileiar Audun Lysbakken då han heldt opningstalen på SVs landsmøte fredag.

På landsmøtet skal SV vedta eit nytt partiprogram der det blir lagt opp til høgare skatt for dei med høge inntekter. I tillegg skal skattenivået opp på formue, arv, utbytte og eigedom.

– Om SV får makt, då går skattenivået på store formuar, skyhøg arv og millionlønningar i vêret, sa Lysbakken.

Ifølgje han har statsminister Erna Solberg (H) «rigga» skattesystemet for dei rike.

I talen varsla Lysbakken at SV spesielt vil prioritere to reformer framover:

* tannhelse til ein rimeleg pris for alle

* gratis SFO i heile landet

Viss du bryt ein finger, tek staten det meste av rekninga, peikte Lysbakken på. Men viss du bryt ei tann, må du betale sjølv.

– La oss tette dette største holet i velferdsstaten. Forbrukslån for å fikse tennene er ikkje ein velferdsstat verdig, sa Lysbakken.

Ifølgje han er SVs langsiktige mål at tannhelse ikkje skal koste meir enn andre helsetenester.

– Vi skal starte med dei eldste og dei yngste, og så gradvis senke eigendelane for alle.

Lysbakken tok òg eit oppgjer med Framstegspartiet, som ifølgje han eggjar til kulturkrig i Noreg.

– Eg har ei helsing til Sylvi Listhaug. Eg veit kva du pønskar på. Du har ikkje lyst til å snakke om Forskjells-Noreg. I staden for å snakke om det som verkeleg slit samfunnet vårt frå kvarandre, vil du gjerne snakke om ein lærar som ikkje er entusiastisk nok for julegudstenesta. Eller ein forskar som har prøvd å skrive noko på ein kjønnsnøytral måte. Eller nokre flyktningar som du kan stengje grensene for, sa Lysbakken.

Ifølgje han vil ikkje SV la Framstegspartiet sleppe unna med dette.

– Det blir ingen kulturkrig. Det blir eit forskjellsval, sa han.

Men Lysbakken hadde òg ei åtvaring til MDG og Senterpartiet.

– Altfor ofte blir miljøkampen framstilt omtrent sånn som dette: I det eine hjørnet: vegetarianarane og syklistane. I det andre hjørnet: dei som liker kjøttkaker og bil. Vennene våre i MDG og Sp er ganske gode på å dyrke den konflikten der. La ikkje klimakampen bli ein kjøttkakekrig, eit spørsmål om identitet. Det er systemet som er problemet, sa Lysbakken.

Ifølgje han skal ikkje SV vere eit parti som blandar seg opp i korleis folk lever.

– Vi løyser ikkje klimakrisa med å påføre enkeltpersonar klimaskam, sa Lysbakken.

– Køyr gjerne dieselbilen til vallokalet når du skal stemme SV.

Lysbakken var òg tydeleg på at draumen hans etter valet er raudgrøn samling.

SV er ikkje berre innstilt på samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, men også med Raudt og MDG, ifølgje SV-leiaren.

– Men vi vil òg vere ærlege. Senterpartiet går til val med eit ønske om ei regjering med berre Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Det vil bli ei grå sentrumsregjering, sa Lysbakken.

– Det er SV mot. Vi vil ha ei raudgrøn regjering, bunde til venstresida i norsk politikk, sa han.

Publisert: 23.04.2021 14:05

Sist oppdatert: 23.04.2021 14:08

Mer om