Kort fortalt

Lyse prisutsikter for laks

Trur på vidare prisauke.

11.01.2016
(NPK): Handelsbanken Capital Markets trur dei gode prisane på laks kjem til å halde seg i 2016 og 2017 og har justert opp prisoverslaget sitt til 46 kroner per kilo.
Dei tidlegare overslaga frå meklarhuset var på høvesvis 43 og 43,50 kroner, skriv Dagens Næringsliv.
I ein fersk analyse som Handelsbanken presenterte måndag, grunngir meklarhuset prisprognosen med låg tilbodsvekst framover. Tilbodet går ned med 1 prosent i år og veks igjen med 2– 3 prosent i 2017, ventar selskapet.
Vekstbremsen er lakselusproblema i Noreg og driftsunderskota i Chile, og den situasjonen kan komme til å vare ved, trur meklarhuset.
– Vi ventar låg global vekst på lengre sikt òg, ettersom produksjonsveksten er avhengig av betring i lusesituasjonen i Noreg, skriv analytikar Kjetil Lye i analysen. (©NPK)

Publisert: 11.01.2016 13:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49