Kort fortalt

Låg oljepris gav lågare eksportinntekter

Eksportinntektene gjekk ned, importen gjekk opp.

19.05.2016
(NPK-NTB): Eksportinntektene gjekk ned med 8 prosent i fjor, hovudsakleg grunna lågare oljepris, viser nye tal frå SSB.
Handelsoverskotet minska med 36,4 prosent eller 220 milliardar kroner som følgje av at eksporten fall samtidig som importen auka med nærmare 10 prosent i fjor, ifølgje ferske tal frå
Det er låg oljepris som er hovudårsaka til at eksporten gjekk ned i fjor. Gjennomsnittsprisen på eit fat råolje var på 414 kroner fatet i fjor, ein nedgang på 32,2 prosent samanlikna med 2014. Det har ført til at verdien av eksport av råolje fall med heile 30,3 prosent frå 2014-2015, og verdien av eksport av naturlege gasskondensat fall med 36,3 prosent i same periode.
Samtidig som eksporten gjekk ned, auka importen med 9,5 prosent i 2015 til rundt 616 milliardar kroner. Importveksten aukar sterkast frå Asia og Sør-Amerika, med høvesvis 28,5 og 20,9 prosent. (©NPK)

Publisert: 19.05.2016 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46