Kort fortalt

Lågare rekekvote

Rekene i sør lever berre tre-fire år.

09.06.2016
(NPK): Kvar ny årsklasse har derfor stor betydning for bestanden og fiskeriet. Det internasjonale råd for havforsking (ICES) går derfor over til ein aldersbasert modell i kvoterådgjevinga.
Under nye forhandlingar mellom Norge og EU i mai vart totalkvoten for 2016 i Norskerenna og Skagerrak sett ned 10 prosent til 15.696 tonn, fortel Havforskingsinstituttet. Totalkvoten vert fordelt mellom Noreg, Sverige og Danmark. Den nye kvoten er eit resultat av eit oppdatert kvoteråd frå ICES på 11.869 tonn.
Det oppdaterte kvoterådet kjem av at det er tatt i bruk ein ny bestandsmodell for rekebestanden i Norskerenna og Skagerrak. Dei to førre åra brukte ICES ein produksjonsmodell som basis for kvoteråda. Etter ein revisjon av rådgjevingsmetoden i januar 2016 vart det bestemt at det skulle brukast ein aldersbasert modell.
– Rekene i sør lever kort, frå tre til fire år, og bestandsstorleiken og fiskeriet er påverka av den innkommande årsklassen. Rekrutteringa har variert mykje dei siste åra, og det er viktig å bruke ein modell som tar høgde for denne variasjonen, seier Guldborg Søvik, bestandsansvarleg for rekebestanden i Norskerenna og Skagerrak på Havforskingsinstituttet. (©NPK)

Publisert: 09.06.2016 11:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45