Kort fortalt

Lågare renter på bustadlån

Busdrentene går vidare ned.

02.12.2015
(NPK-NTB): Rentene på nye bustadlån fall vidare til eit gjennomsnittleg nivå på 2,6 prosent i oktober.
Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Rentene på nye bustadlån fall med 0,18 prosentpoeng frå september til oktober. Rentene på uteståande lån fall i same periode med 0,04 prosentpoeng til 2,92 prosent.
For nye bustadlån låg fastrente og flytande rente omtrent likt i oktober, mens fastrente er noko høgare enn flytande rente for uteståande lån. Fastrente låg der på 3,33 prosent i (©NPK) oktober

Publisert: 02.12.2015 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49