Kort fortalt

Lågare straumprisar i første kvartal

Framleis historisk høgt nivå, ifølgje SSB-tal.

19.05.2023

(NPK-NTB): Straumprisen for hushalda i første kvartal i år var 11 prosent lågare enn kvartalet før. I snitt betalte hushalda 143,8 øre/kWh i kvartalet.

– I første kvartal i år var det ein nedgang i straumprisen samanlikna med kvartalet før, men historisk ligg vi framleis på eit svært høgt nivå, seier seniorrådgivar Thomas Aanensen i Statistisk sentralbyrå (SSB)

Prisen hushalda måtte betale, inkludert avgifter, nettleige og straumstøtte, enda på 143,8 øre/kWh i første kvartal, viser nye tal SSB.

Det er 11,3 prosent lågare enn kvartalet før og eit godt stykke unna toppane i 4. kvartal i 2021 og 2022, då prisen var på høvesvis 164,8 og 162,2 øre/kWh.

Prisane er eit gjennomsnitt for heile landet og varierer mykje mellom nord og sør i Noreg.

– Når vi trekkjer frå straumstøtta, var totalprisen hushalda måtte betale, framleis rundt 26 prosent høgare enn gjennomsnittet for 1. kvartal dei siste fem åra, seier Aanensen.

(©NPK)

Publisert: 19.05.2023 07:42

Sist oppdatert: 20.05.2023 05:40

Mer om