NPK-NTB: helga kosta ein kilowattime straum 46 øre på kraftbørsen Nord Pool. Det er den lågaste straumprisen så langt i 2019.
Prisen før nettleige og avgifter er venta å bli den same på måndag, opplyste bransjeorganisasjonen Energi Noreg i ei pressemelding søndag.
Prisfallet i helga blir forklart med nedbør som har fylt på vassmagasina, der det har vore mindre vatn enn normalt etter tørkesommaren i fjor. I tillegg var det mildare vêr i helga, noko som førte til at det vart brukt mindre straum til oppvarming.
Lågare etterspurnad senkar prisane, her som i andre marknader, skriv informasjonssjef Aslak Øverås i Energi Noreg.
På tilbodssida har dansk vindkraft bidrege positiv, og vi importerte straum frå Danmark, Sverige og Nederland i helga. Den siste veka var Noreg ein netto straumimportør.
Straumprisen i helga var 20 øre lågare enn på den dyraste dagen sidan årsskiftet.

Publisert: 11.02.2019 08:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36