Kort fortalt

Lånekassen vil legge ned Ørsta-kontoret

Vil verte meir automatisert.

19.08.2016
(NPK-NTB): Statens lånekasse for utdanning ønskjer å fjerne kvar sjette medarbeidar, og i den samanheng kan heile Ørsta-kontoret ryke.
Bakgrunnen for forslaget er digitalisering og automatisering av tenestene.
– Administrasjonen føreslår å endre kontorstrukturen i Lånekassen. Det inneber at vi føreslår å legge ned kontora i Tromsø, Ørsta og Bergen, seier administrerande direktør for Statens lånekasse Marianne Andreassen til .
I dag blir 65 prosent av all saksbehandling i Lånekassen gjort gjennom automatiske digitaliserte løysingar. Etaten har no ein ambisjon om å bli meir digitalisert og meir automatisert.
– Når den manuelle saksbehandlingsmengda går ned, må vi ta konsekvensen av det på vegner av skattebetalarane, seier Andreassen.
Kontora i Tromsø og Ørsta er føreslått lagt ned innan 1. januar 2020. Kontoret i Bergen skal derimot haldast ope heilt til alle tilsette sluttar gjennom naturleg avgang og aktiv jobbsøking.
Det jobbar til saman 50 personar på dei tre kontora, medan det i heile Lånekassen jobbar 300 personar til saman.
Den endelege avgjerda om nedskjeringar vil bli teken av Kunnskapsdepartementet, som Lånekassen sorterer under. (©NPK)

Publisert: 19.08.2016 19:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44