(NPK): Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har sett av 11 millionar kroner til stipend for fagarbeidarar som ønskjer lærarutdanning innan yrkesfag.
Tidlegare har NTNU i Trondheim hatt samarbeid med Nordland fylkeskommune, og no startar dei nytt utdanningstilbod i Møre og Romsdal. Det nye utdanningstilbodet i Møre og Romsdal er avhengig av å få nok søkjarar før 15. april, men skal etter planen liggje i Molde eller Ålesund.
Det er NTNU og Høgskolen i Oslo og Akershus som har tatt initiativ overfor fylkeskommunane for å få på plass den nye stipendordninga for yrkesfaglærar, skriv
Om nokre år vil det mangle 2.000 yrkesfaglærarar i landet. Satsinga er ein del av det så kalla yrkesfagløftet som regjeringa løyvde 93 millionar kroner til i statsbudsjettet, og som skulle gå til rekruttering og kompetanseheving for yrkesfagslærarar.
– Vi kjem ikkje utanom at det blir konkurranse om dette. Det er den enkelte fylkeskommune som prioriterer, seier rådgivar Jarle Landro, som er koordinator for treårige yrkesfaglærerutdanninga (YFL) ved NTNU, til avisa.
I Møre og Romsdal er det sett av 200.000 stipendkroner til kvar av dei som tek den treårige lærarutdanninga i yrkesfag. Det blir også gitt 100.000 i stipend for dei som vil ta praktisk pedagogisk utdanning. (©NPK)

Publisert: 23.02.2016 14:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48