Kort fortalt

Løfta skonnert på sjøen

Tungløftavdelinga på Ulstein fekk Ideal på sjøen.

01.06.2016
Det var 31. mai at den 120 fots-skonnerten Ideal vart sjøsett frå Saltkaia i Kristiansund. Skonnerten veg 170 tonn og er ein kopi av eit skip bygd ved Skaalurens Skipsbyggeri i Rosendal i 1910.
I ei pressmelding opplyser Ulstein at tungløftsavdelinga frå Ulstein Verft var på plass på Nordmøre ein 14 dagars tid i samband med fleire løfteoppdrag. Til desse oppdraga nytta dei lekter, multiwheeler og ei kran med løftekapasitet 600 tonn.
Det var difor naturleg å stille opp for å sjøsetje Ideal.
Ideal skal nyttast som eit pedagogisk tilbod for mellom anna å vidareføre og ta vare på lokal maritim kultur. Skipet skal reise på opplevings- og leirskuleturar for storskulen og ungdomsskulen, men skal også mellom anna nyttast i maritim rekruttering.

Publisert: 01.06.2016 10:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46