Kort fortalt

Lønnskutt i Aker Solutions

Stadig fleire får lønskutt.

12.02.2016
(NPK-NTB): Krisa i oljebransjen fører til at Aker Solutions innfører mellombels lønnskutt. Lønnskuttet rammar alle tilsette, også leiinga, i den såkalla MMO-delen av selskapet.
Lønnskuttet skal omfatte alle tilsette som jobbar med vedlikehald, modifikasjonar og operasjonar, såkalla MMO, hos Aker Solutions. Leiinga vil få lønna kutta med 10 prosent, mens andre tilsette får eit lønnskutt på 5 prosent, skriv .
– Vi snur kvar stein i arbeidet med å sikre ei berekraftig framtid for verksemda. Ein mellombels lønnsreduksjon er eitt av fleire nødvendige tiltak, seier Per Harald Kongelf, leiaren for Aker Solutions i Norge.
Dei tilsette vart informerte om kuttet i eit brev som alle tilsette fekk torsdag. Fagforeininga skal ha gitt si støtte til tiltaket, som i utgangspunktet er meint å gjelde i eitt år. Om nødvendig skal det kunne forhandlast om ei forlenging.
Rundt 3.600 tilsette vil bli ramma av lønnsreduksjonen.

Publisert: 12.02.2016 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48