(NPK-NTB): Trass masseoppseiingar og negative resultat, fekk konsernleiinga i Statoil 86,7 millionar kroner i løn i 2015. Summen er ein auke på nesten 20 millionar frå året før, skriv Klassekampen.
– Det er ein ukultur i Statoil. Dette føyer seg inn i rekkja av døme på at Statoil er eit selskap utanfor kontroll og styring, seier leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet til a. Han kritiserer også staten som eigar, som er med på å innvilga lønningane.
Konsernleiinga er sett saman av 13 personar. Konsernsjef Eldar Sætre, strategidirektør John Knight og tidlegare Nord-Amerika-sjef William Maloney er dei tre best betalte i selskapet. Ifølgje Klassekampen hadde dei til saman ei årsløn på 45,4 millionar kroner.
– Statoils system for leiarlønningar er i samsvar med retningslinjene i staten. Vi skal ha konkurransedyktige vilkår, men ikkje vera lønsleiande i dei marknadane vi opererer i, svarar informasjonssjef Bård Glad Pedersen i Statoil. Han legg til at selskapet mellom anna har innført lønsfrys for leiarar på grunn av resultata for 2015. (©NPK)

Publisert: 18.07.2016 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45