Kort fortalt

Lønshopp kan gi tilsettekutt

Høge lønningar kan gi nedbemanning i Innovasjon Noreg.

26.11.2015
(NPK-NTB): 136 tilsette i Innovasjon Noreg tener over 800.000 kroner i året, og dei har blitt fleire det siste året. Utan større løyving eller endra lønnspolitikk, kan nedbemanning bli nødvendig.
Eit internt notat viser at det på berre eitt år er blitt 39 fleire som tener over 800.000. Talet på tilsette med millionlønn har auka frå 27 til 38, skriv .
«Utviklingen virker også for stor til å kunne forklares med kompetansedreining, og kan virke oppsiktsvekkende i en statlig bedrift», står det i notatet avisa har fått innsyn i. Lønnsveksten kjem samtidig som selskapet er i ein omstillingsfase og fekk kutta løyvinga over statsbudsjettet med 107 millionar kroner i 2015. Konsekvensen av det blir ein reduksjon på 60– 70 årsverk, skreiv toppsjef Anita Krohn Traaseth i bloggen sin i vår. I notatet blir det også gitt uttrykk for bekymring for at det blir nødvendig med ein ny nedbemanningsrunde dersom ikkje løyvingane eller lønnspolitikken blir endra.
Selskapet har fått ny leiargruppe, noko som ifølgje informasjonsavdelinga er med på å forklare lønnshoppet. I tillegg skal enkelte ha fått større ansvar.
Det skal vere planar om å gjere noko med lønnspolitikken. Blant anna skal talet på leiarar på «leiarnivå 2» ned frå 69 til 43. Det skal vere gjennomført neste år. (©NPK)

Publisert: 26.11.2015 08:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49