(NPK-NTB): 95 prosent av dei tilsette i Siem Offshore som arbeider på sjøen stemte ja til ny turnus og mindre lønn for å redde arbeidsplassar i reiarlaget.
Leiinga og dei tilsette i Siem Offshore er blitt samde om ei mellombels løysing som reduserer arbeidstida for dei tilsette på sjø ved å nytte tre tilsette per stilling om bord, mot normalt to, og med tilhøyrande 29 prosent reduksjon i lønn.
– Rundt 45 tilsette ville blitt berørt viss vi ikkje hadde fått til denne løysinga, seier Tore Lillestø, dagleg leiar for Siem Offshore Norge til .
Tidlegare i november annonserte selskapet at to norskflagga ankerhandteringsfartøy skulle bli tatt av marknaden, noko som berørte nærmare 70 tilsette.
Reiarlaget har i ettertid jobba med løysingar for å behalde det maritime mannskapet og kunnskapen. (©NPK)

Publisert: 25.11.2015 11:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49