Korleis ta i bruk ny teknologi for å fornye og utvikle foretningsmodellen. Det er oppgava 28 NTNU-studentar skal svare på i løpet av tre hektiske dagar under studentarrangementet Innobootcamp på NTNU i Ålesund denne veka.
Arrangementet toppar seg i morgon kveld, fredag 14. maras, der ein jury avgjer kven av dei ni gruppen som har den beste ideen.
Dette er tredje året studentorganisasjonen Start arrangerer Innobootcamp, eit innovasjonarrangent der studentane mellom anna må arbeide saman med studentar frå andre fagområde.
Start er ein studentorganisasjon for å stimulere til innovasjon og entreprenørskap blant studentane.
Rekruttering
I år er det vakumtoalettselskapet Jets og robot- og programvareselskapet Solwr som stiller med mentorar og utfordringar dei ønskjer at studentane skal løyse.
Iot-utviklar Jørn Markus Jakobsen i Jets er ein av mentorane under arrangementet. (Iot er forkorting for internet of things, å samle inn og analysere data ved hjelp av sensorar på ulikt utstyr, samt å kunne fjernstyre og automatisere oppgåver)
For Jets handlar deltaktinga mellom anna om rekruttering.
– Vi vil vere med å inspirere studentane, og så er det artig å bli kjent med våre framtidige kollegaer, seier Jakobsen.
Tre arrangement
Lokallaget til Start ved NTNU har eit tak på 30 medlemar., der alle har konkrete arbeidsoppgåver.
I tillegg til Innobootcamp har organisasjonen to andre større arrangement i løpet av eitt år:
- Gründerlounge, med innlegg frå personar med erfaring i å starte nye bedrifter.
- Start Future, med bærekraft som tema.
Publisert: 13.03.2025 14:57
Sist oppdatert: 14.03.2025 15:42