Kort fortalt

Maersk tilset 140 – om eit år

I ein svært pressa riggmarknad kunngjer Maersk Drilling Norge at dei planlegg å tilsetje 140 personar.

02.10.2015
(NPK-NTB): Men det skal ikkje skje før ved utgangen av 2016.
På slutten av neste haust står nemleg den fjerde av dei nye, oppjekkbare riggane til selskapet klar og skal ut i oppdrag for oljeselskapet BP, skriv Stavanger Aftenblad. Sjølv om dette er positive nyheiter frå Maersk på litt sikt, påpeiker direktør Jakob Korsgaard i Maersk Drilling Norge at situasjonen er dramatisk også for dei på kort sikt. To riggar er sende vekk frå norsk sokkel, og to av dei sju som er igjen er på kontraktar som går ut neste år. I sommar kom beskjeden om at selskapet må kutte bemanninga med 170 personar.
– Situasjonen er absolutt krevjande, og vi gjer tiltak for å optimalisere drifta. Nokre av dei som no må slutte på norsk sokkel, får tilbod om å jobbe på dansk sokkel, med dansk lønn og vilkår. Noko vi reknar som eit betre tilbod enn å oppsøkje eit Nav-kontor, seier Korsgaard. (©NPK)

Publisert: 02.10.2015 08:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50