Kort fortalt

Makrell for 200 mill. tapt for Herøy-flåten

Fekk ikkje fiske kvota.

14.12.2023

Makrell til ein verdi av kring 200 millionar står att på årets kvote for Herøy-flåten etter sesongen er slutt.

Det skriv Vestlandsnytt.

Avisa viser til tal frå Norges Sildesalgslag om det er manglar kring 33.000 tonn på årets kvoter. Det meste er makrell - og av dette står flåten i sunnmørskommunen for om lag 12.500 tonn.

Det er store variasjonar mellom båtane. Eros var einaste båt som greidde å komme innunder den sokalla fleksiordninga. Leinebjørn og Rogne hadde få hundre tonn kvar att av kvota, medan dei fleste båtane manglar frå tusen tonn og oppover, skriv avisa.

Publisert: 14.12.2023 16:54

Sist oppdatert: 14.12.2023 16:54

Mer om