Janne Grethe Strand Aasnæs
ÅLESUND: Strand Havfiske i Ålesund er eigd av Janne G Strand Aasnæs (bilde) og Elisabeth Strand og reiarlaget har to båtar, Strand Senior og Havstrand.
Nytt

Fiskarane tente ein halv million meir enn sjefen

Ålesund-reiarlag varslar «betydeleg» resultatfall etter rekordår.

Marius Rosbach
13.07.2023

Strand Havfiske auka inntektene frå 280 til 353 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord for omsetning i fiskereiarlaget i Ålesund.

Betring i inntekter og resultat frå frysetrålaren Havstrand er hovudårsaka til at driftsresultatet vart betra med 45 prosent, samanlikna med året før (sjå tabell under).

Overskotet før skatt vart likevel mindre enn året før, grunna verdifall på marknadsbaserte omløpsmiddel i løpet av året, blir det opplyst i årsrapporten.

Strand Havfiske as (konsern)
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
353280
Driftsresultat
10270,2
Resultat før skatt
89104,9

Ventar «betydeleg» resultatfall
Reiarlaget ventar nedgang i driftsinntektene for Havstrand i år, og ei auke for Strand Senior. For begge båtane er det venta langt høgare driftskostnader, grunna høgare pris på gassolje og innkjøp.

- I sum er det venta eit betydeleg fall i driftsresultatet for konsernet, skriv leiinga i årsrapporten.

Uro i finansmarknaden og krigen i Ukraina gir større usikkerheit framover, saman med inflasjon og rentenivå.

Snittlønn på nær 1,8 millionar
Fjorårsresultatet gir ei solid utbetaling til dei tilsette, som har snittlønner på i underkant av 1,8 millioner kroner, ifølgje tala frå årsrapporten.

Den største posten i rekneskapen er lott på 91.1 millionar kroner. Løn og hyrer er på til saman 8,9 millionar kroner.

Fordelt på 56 årsverk hadde dei tilsette i Strand Havfiske-konsernet ei snittlønn på 1,785.000 kroner i 2022.

Til samanlikning har dagleg leiar Janne G. Strand Aasnæs ei løn på 1,3 millionar kroner.

Droppar utbyte
Strand Havfiske-reiarlaget er eigd av nemnte Janne G Strand Aasnæs og Elisabeth Strand. Det blir ikkje sett av utbytte i år, viser årsrapporten.

Årsrapporten frå fjoråret viser at Havstrand-trålaren hadde auke i inntektene, mykje grunna overføring av kvoter av torsk frå 2021 til 2022, mottak av «slumpfisk» og ein tur til Aust-Grønland.

Strand Senior fangsta for litt mindre enn året før Her hadde dei nedgang på kolmule og lodde, men auke i inntektene på makrell.

Samarbeid med søskenbarn
Selskapet arbeider tett saman med Strand Fiskeriselskap, også det med to båtar og med søskenbarna til Janne-Grethe Strand Aasnæs og Elisabeth Strand.

Begge selskapa har base ved Steinvågsundet i Ålesund og felles sals- og administrasjonsselskap.

Publisert: 13.07.2023 16:26

Sist oppdatert: 13.07.2023 16:28

Mer om