NPK-NTB: I fjor bytte 587.400 hushald straumleverandør. Det utgjer 21 prosent av hushalda og ligg omtrent på same nivå som året før.
Det viser tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). I 2018 bytte 577.200 hushald straumleverandør.
Nærare 500.000 nordmenn samanlikna straumavtalar på portalen elskling.no, og heile 93 prosent av desse valde spotprisavtale. Det er ein solid auke frå året før, då 77 prosent valde spotpris.
Dette er i tråd med råda frå Forbrukarrådet, som tilrår alle å sjekke straumavtalen sin. Prisane på spotpris er nemleg historisk låge. Også Forbrukarrådet har ein straumportal.
– Vi tilrår alle å sjekke straumavtalen sin no. Viss du har ein variabel avtale eller ein dyr spotavtale med høge påslag, er dette tida for å byte, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Publisert: 20.04.2020 14:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28