NPK: Straumkundane har vanskar med å forstå kraftmarknaden. Det kan svekkja konkurransen i marknaden, viser ein rapport frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som vurderer tiltak.
– Når nettselskap og kraftleverandør deler namn og logo skapar det forvirring for kundane. Namn og logo til nettselskapet og kraftleverandøren skal hjelpa kundane å skilja aktørane, seier Ove Flataker i NVE i ei pressemelding.
Ei spørjeundersøking gjort for NVE i 2017 viser nettopp at forbrukarane meiner det er vanskeleg å forstå skilnaden på nettselskap og kraftleverandørar.
– Viss forbrukarane ikkje forstår skiljet mellom nettverksemd og kraftleverandørverksemd, kan det henda dei heller ikkje veit at dei kan byta kraftleverandør, noko som i så fall svekkjer konkurransen i leverandørmarknaden, heiter det i rapporten frå Thema Consulting Group og By North.
NVE vurderer derfor å innføra krav om at alle nettselskap og kraftleverandørar skal ha ulik merkevare. Rapporten konkluderer med at dei samla kostnadane er om lag 60 millionar kroner dersom nettselskapa endrar merkevare.

Publisert: 08.02.2019 07:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36