(NPK): I fjor var det rekordmange som tok kontakt med Skatteetaten for å fortelje om pengar som skulle ha vore betalt skatt for.
I 2015 bad 384 personar om frivillig retting for pengar som skulle vore rapportert til Skatteetaten tidlegare. Det var ein auke frå 295 året før. Dei fleste av sakene gjaldt pengar i utlandet, men ordninga gjeld også for formue og inntekt i Noreg som skulle ha vore oppgitt.
– Tala viser at det er mange nordmenn som har internasjonale forhold i økonomien sin. Dette dreier seg ikkje nødvendigvis om pengar som er skjult i utlandet, men det kan vere pengar ein har tent i utlandet og som er blitt ståande på konto der, arv av utanlandske konti og så vidare. Det er bra at så mange nyttar høve til å rydde opp i forholda, seier skattedirektør Hans Christian Holte.
Ordninga med frivillig retting er ei moglegheit for å få riktig skatt i ettertid. Ein slepp straff så lenge ein kjem på eige initiativ og oppgir all relevant informasjon. Då blir skatten rekna ut for opptil ti år tilbake i tid, og lagt til renter. Men alt skal eigentleg rapporterast på sjølvmeldinga for det riktige året.
– Det er viktig å hugse at all formue og inntekt, også for eksempel eigedom i utlandet, skal førast på sjølvmeldinga. Skatteetaten førehandsutfyller mykje informasjon om norske forhold, men skattytar er sjølv ansvarlege for å få med alt, seier Holte. (©NPK)

Publisert: 04.02.2016 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48