NPK: Det kan sjå ut til at det blir mykje trafikk langs norske vegar i sommar. Nær halvparten av dei spurde i ei fersk undersøking frå NAF svarer at dei har endra planane for sommarferien etter koronakrisen.
– At så mange har endra planane sine allereie, seier mykje om korleis uvissa vi no lever med raskt påverkar planane vi legg framover. Reiserestriksjonar og ein endra økonomisk kvardag gjer at veldig mange no endrar ferieplanane sine, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF i ei pressemelding.
I undersøkinga svarer 35 prosent at reiseforboda har gjort at dei har endra sommarferieplanane. I tillegg svarer 12 prosent at økonomien har skuld i at ferieplanane blir annleis i år.
Truleg vil mange ende opp med å feriere i Noreg i år, og då vel dei fleste bilferie. Sju av ti svarer i undersøkinga at dei vil reise med bil, bubil eller MC om dei ferierer i Noreg.
– Så det kan bli mykje folk på vegane våre i sommar, særleg om dei strengaste tiltaka som hytteforbodet og at maks fem personar kan vere saman i grupper utandørs er oppheva innan den tid, seier Ryste.
Ho legg til at vi heldigvis har både godt med plass og varierte tilbod for folk som ønskjer ferieopplevingar i Noreg.

Publisert: 06.04.2020 10:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28