NPK: Selskap som driv med overnatting og servering går konkurs tre gonger oftare enn andre aksjeselskap, viser ein ny analyse. Fleire slit med å betala rekningane.
Det er kreditthandteringsselskapet Lindorff som har analysert overnattings- og serveringsbransjen. Analysen viser at det i oppgangstidene dei siste åra har blitt større konkursrisiko, utflating av sysselsettingsveksten og ein jamn nedgang i likviditeten til selskapa, skriv .
Konkursraten er tre gonger høgare for overnatting og servering enn for norske aksjeselskap elles. Likviditeten er svekt med 30 prosent sidan 2007.
Senioranalytikar Tor-Erik Ingebretsen viser til at Lindorff også ser fleire inkassosaker, men vil ikkje teikne eit heilsvart bilde. Han forklarer det med at det har vore ein sterk vekst i talet på selskap innan overnatting og servering. Sidan 2010 har talet auka med rundt 70 prosent frå drygt 6.000 selskap til godt over 10.000.
– Svekkinga av likviditetsgraden, der særleg overnattingsbransjen har hatt større nedgang enn andre bransjar over tid, kjem i stor grad av at det dei mange nyetableringane som gjerne startar med liten eigenkapital og lite omløpsmidlar. Dette er dermed ikkje nødvendigvis noko krisesignal, men kan saman med konkurstala snarare vera teikn til ei viss overetablering, meiner Ingebretsen.
Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier til DN at tala stadfestar at det er stor aktivitet i serveringsbransjen, og at det skal relativt lite til før slike selskap kan gå over ende.

Publisert: 09.07.2019 09:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33