NPK-NTB: Kvart tiande norske selskap lar vere å melde kriminalitet til politiet fordi dei trur saka vil bli lagt bort, viser ei ny undersøking.
Den store kriminalitets- og sikkerheitsundersøkinga i næringslivet avdekkjer alvorleg mistillit til politiet.
Ifølgje Dagens Næringsliv som siterer den nye rapporten, har norske selskap ikkje tillit til innsatsen og evna politiet har til å handtere kriminalitet.
Opinion har gjennomført undersøkinga KRISINO på oppdrag frå Næringslivets sikkerheitsråd (NSR) hos leiarar og sikkerheitsansvarlege i 2.000 private og 500 offentlege verksemder.
Denne undersøkinga viser at eit «betydeleg tal» avdekte lovbrot i næringslivet ikkje blir melde til politiet.
Kvart tiande norske selskap har det siste året opplevd lovbrot som dei altså ikkje har meldt til politiet. På spørsmål om kvifor svarar heile 69 prosent at den viktigaste årsaka er at «politiet som regel legg bort saka», siterer Dagens Næringsliv.
Kvart femte selskap seier at dei rett ut «manglar tillit til kompetansen i politiet».
Og jo større selskapa er, jo mindre villige er dei til å politimelde lovbrot, viser undersøkinga.
Transportselskap toppar statistikken. Kvart femte transportselskap seier dei har oppdaga kriminalitet som dei ikkje har meldt til politiet.
Det er snakk om blant anna dieseltjuveri.
«Mange ser ingen grunn til å involvere ein politietat som til dels blir opplevd som utilgjengeleg, har tidvis liten grad av dialog, lang saksbehandlingstid og ofte endar med å legge bort eller kutte ned saka til mindre forhold», heiter det i undersøkinga.

Publisert: 20.09.2017 14:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41