Kort fortalt

Mange permittert før skattenyheit

Mange fekk varsel før lakseskatten vart kunngjord.

18.11.2022

(NPK-NTB): Tal som Nav har henta ut for Dagens Næringsliv viser at det vart sendt ut permisjonsvarsel til 2.300 personar før regjeringa kunngjorde skatten 28. september.

Administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge seier at det er rett at nokre av laksepermitteringane er knytt til sesongvariasjonar, men at det nye i år er at omfanget er mykje større og kjem tidlegare enn før.

Selskapa sjølv har oppgitt at det er den kommande grunnrenteskatten på havbruk som gjer at det kan bli nødvendig med permitteringar.

Denne veka varsla lakseselskapet Salmar at 851 tilsette kan bli permitterte frå nyttår. Nokre dagar i førevegen hadde same varsel komme til 339 tilsette i Lerøy og 91 tilsette i Romsdal Processing. I tillegg har Nova Sea varsla permittering av 18 tilsette.

Permitteringar er normalt i den sesongprega næringa. I 2021 fekk 2.700 varsel. Same person kan ha fått varsel fleire gonger, og eit varsel treng ikkje ende i faktisk permittering. Dette har ikkje Nav statistikk over, skriv DN.

I fjor fekk til dømes 600 Salmar-tilsette like før jul beskjed om at dei ville bli permitterte på grunn av lite råstoff, altså slakteklar laks. Det er ikkje kjent kor mange som faktisk vart permitterte den gongen.


(©NPK)

Publisert: 18.11.2022 08:30

Sist oppdatert: 18.11.2022 08:36

Mer om