Kort fortalt

Mange sparer i banken

Nordmenn sparar meir og meir pengar i bank.

02.10.2015
(NPK-NTB): Men med den låge renta vi har i dag burde vi heller brukt desse pengane på nedbetaling av gjeld, meiner forbrukarøkonom Kristina Picard.
Ved utgangen av august låg dei samla bankinnskota i Noreg på 3.385 milliardar kroner, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein auke på 16 prosent på eitt år. Bankinnskota frå norske hushald har auka med 6,4 prosent. Forbrukarøkonom Kristina Picard i Storebrand er overraska over tala.
– Å spare i bank er direkte ulønsamt, med så lågt rentenivå som vi har i dag. Prisveksten og skatten på kapitalinntekter et opp alle rentene og endå litt. Pengane er mindre verdt i desember enn då du sette dei inn i januar, seier ho.
Eit betre råd er å betale ned gjeld, meiner Picard.
– Ein liten buffer i banken er bra, men nordmenn er sterkt gjeldstyngde, noko som gjer oss sårbare. Dersom vi får fleire negative nyheiter om norsk økonomi, kan høg gjeld forsterke negative syklusar i økonomien. Nordmenn må kvitte seg med gjeld i staden for å oppbevare pengar i banken, seier ho.
Den innanlandske bruttogjeld til hushalda har vakse med 6,4 prosent dei siste tolv månadane. Mens bankinnskota til hushalda låg på 1.077 milliardar kroner ved utgangen av august, låg bruttogjelda på 2.832 milliardar kroner. (©NPK)Mange vel banksparing

Publisert: 02.10.2015 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50