(NPK-NTB): Ein oversikt frå Wiederstrøm Hotel Consulting viser at sju av tretten byar i Noreg i har ein nedgang i talet på selde hotellrom dei første seks månadane i år. Fem av dei sju byane ligg i oljebeltet.
Mens Oslo-hotell fylte opp 65 prosent av romma i første halvår, er resultatet for Stavanger-regionen, som inkluderer Sola, Sandnes og Jæren, berre 43 prosent.
I tilsvarande periode i fjor hadde regionen eit belegg på 51 prosent, som også var dårleg.
Ifølgje Stavanger Aftenblad er aktiviteten lågare på grunn av nedbemanning, kostnadskutt og innsparingar i oljeindustrien. Særleg slit dei mindre sentrumsnære og litt eldre hotella. (©NPK)

Publisert: 04.08.2016 11:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44