Kort fortalt

Mange undrande bilistar

Skatteetaten blir nedringt av spørsmål om årsavgifta.

07.03.2016
(NPK-NTB): Snart er det tid for betaling av årsavgifta på bilen. Det betyr stor pågang på telefonen til Skatteetaten, som på det meste har handtert samtalar frå over 2000 undrande bilistar om dagen.
21. mars skal årsavgifta for 2016 betalast, og krav er sendt ut til eigarane av 3,7 millionar køyretøy, melder Skatteetaten.
Tal frå Tolletaten viser at rundt 3 prosent av alle som får fakturaen, har spørsmål om betalinga.
Regiondirektør Ann Kjersti Kjeia Sletten i Skatt aust opplyser at trass i at telefonsenteret på det meste har handtert over 2000 samtalar om dagen, så reknar ho med at endå fleire vil ta kontakt etter kvart som betalingsfristen nærmar seg.
Spørsmåla som hyppigast går igjen, handlar om kjøp og sal av køyretøy.
– Dersom bilen ikkje er registrert på den nye eigaren innan 1. januar, står du som ansvarleg, seier Sletten.
I pressemeldinga kjem Skatteetaten med eksempel på kreative forklaringar frå bileigarar som prøver å sleppe unna avgifta.
– Ein innringjar fortalde at bilen var så nedsnødd at det var umogleg å få tak i skilta. Ein annan fortalde om ein håplaus festemekanisme som gjorde at skilta sat bom fast. Nokre lurer også på om avgifta er den same dersom bilen vert nytta sjeldan: «Eg brukar bilen berre to gonger i året. Då blir det vel rabatt?»
Staten tener i overkant av ti milliardar kroner på årsavgifta. (©NPK)

Publisert: 07.03.2016 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47