Kort fortalt

Mange utlendingar unngår bompengar

Utgjer 200 millionar kroner berre siste året.

05.07.2022

Sidan 2021 har dei regionale bompengeselskapa hatt problem med å krevje inn bompengar frå utenlandskregistrerte køyretøy som ikkje har autopass.

Det siste året utgjer verdien av desse over 200 millionar norske kroner samla, ifølgje tal Stavanger Aftenblad har henta inn.

Årsaka til at selskapa har hatt problem med å krevje inn bompengar frå utanlandsregistrerte bilar, er at dei ikkje har tilgang til køyretøyopplysningar i enkelte EU-land etter at eit direktiv tredde i kraft i 2019.

Bompengeselskapet Ferde finansierer rundt 15 bompengeprosjekt i Rogaland, Vestland og Agder. Dei ønskjer fortgang på arbeidet med å få tilgang.

– Det er særleg viktig at det snarleg kjem på plass avtaler med Tyskland, Polen og Nederland, meiner Marit Husa i Ferde til avisa.

I 2021 inngjekk dei regionale bompengeselskapa ein avtale med selskapet Park Trade om innkrevjing av bompengar frå utanlandske bilar utan autopass, og det vart føresett at ei samkøyring mot EUs køyretøyregister Eucaris snart ville komme på plass.

Sidan mai 2021 har Ferde bokført passeringsinntekter på utenlandskregistrerte køyretøy til ein verdi av 38 millionar norske kroner. Av desse er rundt 12 millionar norske kroner fakturerte bileigarar via selskapet.

Publisert: 05.07.2022 08:26

Sist oppdatert: 05.07.2022 08:27

Mer om