Kort fortalt

Uvaksinerte småbarnsforeldre i Herøy

Det uroar kommuneoverlegen.

10.12.2021

Smitteutbrotet i Herøy veks i omfang. Torsdag vart det meldt ni nye tilfelle av positive covid-19-testar, opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Eg har eit visst håp om at vi kan ha klart å avgrense dei utbrota vi har hatt i fleire skular, men det står att ei ny testrunde for nokre elevar i morgon før vi kan slappe litt meir av, seier kommuneoverlegen. Eg skjønar godt den uroa og usikkerheita mange foreldre kjenner på. Det er vår oppgåve å trygge også dei som kjenner på uro, seier kommuneoverlegen.

I tillegg blir det vist til at alle uvaksinerte foreldre som har barn i skulen, bør ta vaksinen.

- Det er det beste bidraget de kan gjere for at vi skal avgrense pandemien, sikre at borna dykkar får ein normal kvardag i skulen og på fritida. All forsking under pandemien viser at det som er mest skadeleg for borna er å verte avskorne frå vener, skule og idrett unødvendig over tid, understrekar kommuneoverlegen, i pressmeldinga

Der blir det vist til at kommunen har fortløpande vurdering av smittesituasjonen og har løpande kontakt med sentrale helsestyresmakter for å få best mogleg kan balansere tiltaka vi set i verk.

- Det mest alvorlege ved situasjonen i Herøy akkurat no, er det høge talet på uvaksinerte småbarnsforeldre som både vert lettare smitta og smittar andre lettare, og på den måten kan verte dei nye drivarane av det utbrotet vi har i kommunen no.

Publisert: 10.12.2021 08:47

Sist oppdatert: 10.12.2021 08:51