(NPK): Havforskingsinstituttet fekk inn nesten 1.700 søknader sist dei søkte etter 25 sjøfolk. Snart skal nye stillingar lysast ut til det nye isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon».
Då søknadsfristen til dei 25 stillingane gjekk ut i vår, blei om lag 50 søkjarar kalla inn til intervju. Det fortel mannskapssjef Svanhild Brakstad ved Havforskingsinstituttet til Fiskeribladet Fiskaren.
– Då det stod på som verst hos oss heldt vi 8– 10 intervju for dagen, fortel Brakstad.
Det vart lyst etter matroser, nettmenn, trålbas, førstemaskinistar,overstyrmenn og førstestyrmenn, som skal tilsetjast på nye «Dr. Fridtjof Nansen», i tillegg til andre forskingsfartøy Havforskingsinstituttet driftar. Ein del av søkjarane var overkvalifiserte for stillingane dei søkte på, til dømes styrmenn som søkte på jobb som matros. Kven som får jobbane blir avgjort no i juni.
Nye moglegheiter
Og over sommaren og utover hausten, startar reiarlagsavdelinga å søke etter folk som skal bemanne «Kronprins Haakon», som etter planen skal leverast i første halvdel av 2017.
– Det skal vere 16 tilsette på kvart skift, og vi manglar totalt 29 stillingar, seier mannskapssjef Svanhild Brakstad.
– Men eg håpar ikkje på 1.700 søknader no, legg ho til. (©NPK)

Publisert: 20.06.2016 10:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45