Kort fortalt

Mange vil reforhandle EØS-avtalen

Det viser ny måling.

07.09.2017
NPK-NTB: 40 prosent av dei spurde meiner Noreg bør reforhandle EØS-avtalen, mens 35 prosent seier nei, viser ei meiningsmåling Norstat har gjort for NRK.
Høgre og Arbeidarpartiet seier nei til reforhandling, mens SV-leiar Audun Lysbakken meiner som tidlegare at avtalen er ei viktig årsak til sosial dumping, og at det finst mange alternativ.
– Eg er ikkje så overraska over at mange er skeptiske til fjernstyring frå Brussel. Særleg i arbeidslivet ser vi konsekvensen av EØS-avtalen, gjennom sosial dumping, gjennom aukande lønnsforskjellar og gjennom press på norske lønns- og arbeidsvilkår, seier Lysbakken.
Han gjentar det han sa i sin landsmøtetale i mars:
– På mange måtar er EØS-avtalen ei slags abonnementsordning på Høgre-politikk, særleg innanfor arbeidslivet, seier SV-leiaren.

Publisert: 07.09.2017 08:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41