Kort fortalt

Maritime Partner varslar storkontrakt

Blir truleg færre permitterte.

05.08.2021

Maritime Partner har sikra seg ein stor kontrakt med ein anerkjent reiar som blir annonsert neste veke, fortel administrerande direktør Peder R. Myklebust til Sunnmørsposten.

Båtbyggjarane i Ålesund har slitt med å skaffe nok oppdrag som følgje av koronapandemien, og sendt ut varsel om permitteringar til dei fleste tilsette.

Mellom anna storkontrakten gjer at færre tilsette blir permitterte, ifølgje Myklebust. Han fortel at det er jobba hardt gjennom sommaren, og at dei seinast sikra seg to mindre kontraktar for verkstaden same dag.

Publisert: 05.08.2021 16:28

Sist oppdatert: 26.10.2021 11:12

Mer om