(NPK): Avgjerda til Hornindal kommune om å slå seg saman med Volda, gjer at mange i bygda Markane heller vil blir ein del av Stryn.
Markane er i dag delt mellom kommunane Hornindal og Stryn, og mange av innbyggjarane er misnøgde med samanslåingsplanane til Hornindal og Volda, skriv NRK.
I dag går kommunegrensa midt i bygda, men no ønskjer fleire innbyggjarar å flytte grensa slik at ho følgjer fjellkjeda og dermed gjer at heile Markane blir ein del av Stryn.
For å få til ei grenseendring må innbyggjarane levere eit krav til fylkesmannen, som skal gi staten råd om kva som bør skje vidare. Etter at kravet er levert inn skal også dei to kommunane kome med sine synspunkt.
Ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel vil helst ikkje miste delar av kommunen.
– For meg personleg er det viktig å behalde dei vi kan. Vi er ikkje interesserte i å miste nokon. Eg reknar med at kommunestyret vil vere negative til ei endring, seier han til NRK.
Stryn ser derimot ingen utfordringar med endringa.
– Dette er ingen ny diskusjon. Det er heller ingen urimeleg diskusjon. Eg ønskjer initiativet velkommen, og Stryn kommune vil bidra til at innbyggjarane blir høyrt i ønskja og behova sine, seier ordførar Sven Flo i Stryn. (©NPK)

Publisert: 02.08.2016 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45