Kort fortalt

Markant nedgang i eksporten

Olje og gass dreg kraftig ned.

16.03.2016
(NPK-NTB): I februar utgjorde eksporten av varer 59,2 milliardar kroner, som er ein nedgang på 14,2 prosent frå februar 2015. Fallet er drive av den negative utviklinga i olje- og gassprisane.
Reduksjonen i eksportverdien vart litt korrigert av at fastlandseksporten gjekk opp med 1,9 prosent til 31,6 milliardar kroner i februar i år, melder (SSB).
I same periode auka importverdien med 9,8 prosent og enda på 49,7 milliardar kroner. Dette gav ein samla handelsbalanse på 9,5 milliardar kroner i februar 2016 og eit fall i handelsoverskotet på 60,1 prosent frå februar i fjor til februar i år.
Nedgangen i eksporten blir driven av utviklinga i olje- og gassprisane, som målt i norske kroner har falle over 30 prosent det siste året.
I februar utgjorde naturgasseksporten totalt 15 milliardar kroner, som er ein nedgang på 26,4 prosent frå same periode i fjor. Dei siste tolv månadane er prisfallet på 31,3 prosent. Eksportvolumet av naturgass auka med 4,3 prosent i den same perioden.
Det har også vore ein betydeleg nedgang i eksportverdien for råolje. Verdien enda i februar i år på 12,4 milliardar kroner, som er eit fall på 25,3 prosent frå februar 2015.
Dei siste tolv månadane har oljeprisen gått ned 36 prosent, frå 447 til 285 kroner per fat. I same periode auka talet på eksporterte fat med 16,8 prosent. (©NPK)

Publisert: 16.03.2016 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47