Kort fortalt

Markant nedgang i kraftinvesteringar

SSB trur trenden held fram.

Marius Rosbach
19.08.2021

(NPK-NTB): Dei samla investeringane i olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning ligg an til å falle med nesten tre prosent i år samanlikna med i fjor.

Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Den samla nedgangen på 2,9 prosent blir driven særleg av eit kraftig fall i investeringane i kraftforsyning på heile 15,3 prosent i tredje kvartal i år samanlikna med same periode i fjor.

SSB trur trenden vil halde fram neste år. Det siste anslaget for 2022 tyder på ein ytterlegare nedgang i kraftinvesteringane på heile 23 prosent samanlikna med 2021-anslaget.

Nedgangen kjem først og fremst av fallande investeringar i vindkraftutbygging.

I tillegg bidreg òg lågare investeringar innanfor olje- og gassverksemd negativt, ifølgje SSB.

I industrien er det derimot venta ein investeringsvekst i 2021 samanlikna med tilsvarande anslag for 2020.

(©NPK)


Publisert: 19.08.2021 16:00

Sist oppdatert: 19.08.2021 16:02

Mer om