(NPK-NTB): Først snudde Mattilsynet og lèt Orkla kalle fabrikklaga mat for «heimelaga». No vil tilsynet ha ein gjennomgang av korleis heile bransjen brukar av omgrepet.
– Opphevinga av det opphavlege vedtaket betyr ikkje at Mattilsynet gir grønt lys for bruk av omgrepet «heimelaga». Dette er ingen aksept for at Orkla, eller andre, utan vidare kan bruke slike omgrep, seier seksjonssjefen for merking og kvalitet i Mattilsynet, Merethe Steen, til .
Avisa skreiv for to veker sidan at Mattilsynet likevel lèt Orkla omtale fabrikkprodusert syltetøy, potetstappe og surkål som «heimelaga». Det skjedde etter at ei lokalavdeling først hadde bestemt at matgiganten ikkje fekk bruke nemninga på fabrikklaga mat.
Situasjonen kan verke rotete, og no innser Mattilsynet at det er behov for meir informasjon til produsentar og forbrukarar.
– Dette gjeld ikkje berre Orkla-produkt. No vil vi melde frå til bransjen om våre forventningar til deira bruk av omgrepet «heimelaga» på sine produkt. Mattilsynet er opptatt av at forbrukarane ikkje skal bli villeia, seier Steen.
Ho opplyser at Mattilsynet også vil gjere ei ny vurdering av korleis Orkla brukar heimelaga-omgrepet, ettersom det første vedtaket vart oppheva fordi den lokale tilsynsavdelinga hadde brukt lovene feil. (©NPK)

Publisert: 30.12.2015 08:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49