Maxbo permitterer 100 tilsette
Ingen avdelingar blir skjerma.
(NPK-NTB): Byggjevarekjeda Maxbo permitterer rundt 100 tilsette. Bakteppet er fallet i bustad- og hyttemarknaden.
– Det er blytungt om dagen. Utviklinga i marknaden i haust har vore brutal og dramatisk, fastslår konsernsjef Trond Bentestuen i Maxbo overfor E24 / Aftenposten.
Maxbo har rundt 1500 tilsette fordelt på 65 varehus, hovudkontor og lager. Mellom anna har dei avdelingar i Ålesund, Digernes og Sykkylven.
Ingen avdelingar går klare av permitteringar, ifølgje avisa.
Maxbo har, ifølgje Bentestuen, i det lengste prøvd å unngå permitteringar. Det har vore kutt i overtid og bruk av innleigde vikarar, og dessutan reduksjon av alle kostnader i selskapet.
– Vi har til no vore gjennom alt vi har kunna gjere. Det sit langt inne å gå til permitteringar. Men til slutt hadde vi ikkje noko val for å kunne halde oppe ei forsvarleg drift, seier han.
Konsernsjefen fryktar også at botnen i marknaden ikkje er nådd. Han trur renteutviklinga vil avgjere kor raskt marknaden tek seg opp igjen.
Publisert: 04.12.2023 14:53
Sist oppdatert: 04.12.2023 14:53