20231016 134056 min 1
BUSTADSBYGGING: Norhus er i gang med å bygge opp kring 40 einingar i Stryn. Foto: Norhus
Nytt

Dyre bustadprosjekt sett på pause

Nedgang i byggeaktiviteten. – Vil gagne dei som held aktiviteten oppe, seier Norhus-sjef Einar Holsvik.

Lommebøkene blir tynnare. Krig og konflikt svekker den norske krona.

Samtidig blir alt dyrare. Investeringar blir sett på vent.

Korleis påverkar dette bustadbygginga?

– Tredje kvartal i 2023 er det lågaste nivået på iverksetting sidan målingane starta i 1999, seier administrerande direktør i Boligprodusentene Lars Jacob Hiim, i ei pressemelding.

Dette er ein konsekvens av at det er færre sal av bustadar. Då blir færre prosjekt iverksett.

Auke i mindre prosjekt
– Det er ikkje hemmeleg at vår bransje er utsett av det som skjer, seier Holsvik.

Sal blir påverka av privatøkonomien til folk. Bygging av einebustadar til over 7-8 millionar kroner blir sett på vent.

Holsvik klarer likevel å sjå ein positiv effekt av at prosjekt blir stansa. Nemleg at dei har ein auke i mindre prosjekt som dei klarer å selje ein del av.

– I år ligg vi veldig godt an. Vi har selt alt i eit stort felt som er under bygging i Stryn, og det same gjeld i Herøy.

Han er fornøgd med deira eigen drift og at dei har helde foten på gasspedalen.

Einar Holsvik foto Marius Rosbach
UTSATT: Einar Holsvik i Norhus AS legg ikkje skjul på at bustadbyggebransjen er utsett i desse tider. Arkivfoto: Marius Rosbach

Nedgang i salstal
Bustadstatistikken frå Boligprodusentene for tredje kvartal i Møre og Romsdal har både lyse og dystre punkt.

I tredje kvartal for 2023 blei det seld 137 bueiningar, 11 prosent under same periode i fjor.

Hittil i år er det seld 487 einingar, som er 28 prosent under 2022-tala.

Dei siste tolv månadane er det seld 701 einingar, som er ein nedgang på 20 prosent.

Meir blir sett i verk i fylket
Tala blir derimot litt lysare om ein ser kva prosjekt som har blitt sett i gang. I alle fall om ein samanliknar det med tala for heile landet.

166 bueiningar er iverksett for tredje kvartal, som er ein auke på 11 prosent samanlikna med fjoråret.

Auken er berre på to prosent om ein ser på året så langt, med 569 bueiningar.

Om ein ser på tolvmånedarsperioden er 967 prosjekt igang. Auken der her på 16 prosent.

Kraftig falll i hyttebygginga
For fritidsbustadane er det klare teikn på kor vegen har gått i 2023.

Det har blitt selt 60 prosent færre nye fritidsbustadar i 2023 enn i 2022.

Iverksettinga for bygging av nye fritidsbustadar er også 53 prosent under samanlikna med fjoråret.

Lars Jacob Hiim Pressefoto
Adm. direktør i Boligprodusentenes Forening, Lars Jacob Hiim, seier at aktiviteten i nybustadsmarkknaden no er så lav at ytterlege renteheving i desember framstår unødvendig, og vil vere skadelig for bustadforsyninga på kort og lang sikt. Foto: Boligprodusentene

Vender nasa heim
Sidan Norhus held drifta ved like held dei ifølgje Holsvik liv i alle mann.

Likevel manglar dei aktørar som snikkarar.

– Under koronapandemien opplevde vi at fleire frå Litauen forsvann. Då Ukraina-krigen eskalerte, var det også mange målerar og snikkarar som flytta heim att for å vere nær sine eigne.

Dei opplever også mangel på norske fagarbeiderar. Samtidig har byggeaktiviteten gått ned.

Vanskeleg å få dei tilbake
– Det blir ei kjempeutfordring å få dei utanlandske arbeidarane tilbake att.

Motivasjon til å reise heim, betre arbeidsvilkår i heimlandet, og svekkinga av den norske krona er årsakene til at han trur det blir vanskeleg.

For å få bukt med problemet, meiner han at dei må sikre seg fleire lokale arbeidarar og satse meir på rekruttering.

– I perioder med høg aktivitet kan det gå litt vekk i susen. Når ein manglar folk er det lett å ty til andre grep.

Byggevarehandelen går ned
Norhus AS er også leverandørar av byggevarer. I motsetnad til byggeaktiviteten som held seg stabil, går handelen av byggevarer ned.

Nedgangen skyldast at folk handler og renoverer mindre, ifølgje Holsvik.

– Men vi held aktiviteten vår oppe når det gjeld eigenregi og sluttkundar som framleis er der.

Publisert: 17.10.2023 10:58

Sist oppdatert: 17.10.2023 11:46

Mer om