Kort fortalt

Medieleiar gjennom 40 år går av

Frank Kjøde sluttar som aviseleiar.

Marius Rosbach
20.04.2021

Redaktør og dagleg leiar i Nyss, Frank Kjøde, har meldt til styret i mediehuset at han vil pensjonere seg, opplyser avisa i ei pressemelding.

68-åringen har vore tilsett i leiande stillingar i bedrifta, sidan han blei tilsett i dåverande Sykkylvsbladet i 1982. Kjøde har sagt seg villig til å stå i stillinga til ein etterfølgjar er på plass. Styret opplyser at dei no vil starte arbeidet med å finne ein ny person til stillinga.

Etter at utgjevarselskapet av Sykkylvsbladet, Sykkylven Media, vart fusjonert med Sunnmøringen frå årsskiftet under namnet Mediehuset Nyss AS, har Kjøde halde fram som leiar av det fusjonerte selskapet.

Avisa er eigd av Sunnmørsposten, som igjen er ein del av børsnoterte Polaris Media.

Publisert: 20.04.2021 23:57

Sist oppdatert: 21.04.2021 00:01

Mer om