Kort fortalt

Meiner NVE gjer dårleg vindkraftjobb

NVE får kritikk for vindkraft-vurderingar.

09.11.2015
(NPK): Miljødirektoratet meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjer ein for dårleg jobb i behandlinga av søknadar om vindkraftkonsesjonar.
I ein rapport til Klima- og miljødepartementet skriv Miljødirektoratet at det er «svært mangelfullt dokumentert hvordan miljøhensyn er vektlagt i NVEs prioriteringsrunder», ifølgje Teknisk Ukeblad.
I hovudsak baserer NVE vurderingane sine på utgreiingane som utbyggjarane sjølve har fått laga, og for dei fleste prosjekta er ikkje desse i samsvar med høyringsfråsegnene frå Fylkesmannen og Miljødirektoratet, heiter det i rapporten.
Dessutan varierer kvaliteten både på søknader og utgreiingar, meiner direktoratet.
– NVE grunngir ikkje kvifor dei i mange tilfelle legg vurderinga til utgreiarane til grunn framfor innspel frå miljøforvaltinga når det er dissens dei imellom, skriv direktoratet og meiner energidirektoratet i slike tilfelle i alle fall må drøfte kjeldevalet.
Avdelingsdirektør Rune Flatby i NVE konstaterer at Miljødirektoratet er ueinige med NVE i mange av vedtaka dei har gjort, men meiner utbyggingsvedtaka er nødvendige.
– Skal ein nå dei nasjonale måla for fornybar energi, må det gjerast tiltak som har miljøverknader, seier han til Teknisk Ukeblad.
Men NVE er i gang med å sjå på rapporten og kjem òg til å drøfte innhaldet og kritikken med Miljødirektoratet. (©NPK)

Publisert: 09.11.2015 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50